ABC

6 – 8 år

ABC

Olav H. Hauge

1986

Illustratør:
Bodil Cappelen

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Boka har fått namnet "ABC", men er ei samling vers med bilete til, knytt tilkvar bokstav i alfabetet. Nokre av versa er på rim, andre har ei fri form. Rytmen er ikkje udelt god i alle versa, og det varierer i kva grad versa gjev assosiasjonar til den bokstaven dei representerer. Versa er skrivne medversaler (store bokstavar). Nokre av versa tek utgangspunkt i bokstaven si form, og her lykkast kan hende forfattaren best: "O, O, O ein liten ring om ingenting". "T: Lang stake med tak, stiv og strak. Kva var det att om han datt? To trestykke". Illustratøren har ein naivistisk fargestrek. Bileta er noko livlause, og er lite å gå på jakt i, iallfall om det er bokstaven si form ein er ute etter, eller ord som bokstaven kan finnast i. Kva illustratøren vel å illustrere, kan verke noko vilkårleg. Nokre bilete tek opp att innhaldet i versa, andre illustrasjonar står heilt isolerte frå versa, - ein omn for o, ein elefant for e. Hauge, Olav H. ABC. Nyn. Samlaget, 1995. 32 bl., ill. ISBN 82-521-2826-2 Ein ABC-bok på vers som har vorte ein klassikar både for skuleborn og dei yngre. Bileta av Bodil Cappelen underbyggjer det pedagogiske syfte, det er bilete som borna kan kjenne seg attende i . Alfabetet er sett opp i rett rekkje. Format: 29,3x21 cm.

Utgaver